Eurasia
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Geografisk er Eurasia eit kontinent som omfattar verdsdelane Europa og Asia, eller ein del av superkontinentet Eurafrasia. Arealet er omkring 54 millioner km2.
Platetektonisk har Eurasia vore ei samanhengande plate sidan trias, 250 millionar år sidan, samansett av Europa og det meste av Asia, med unnatak av India (det indiske subkontinentet), den arabiske halvøya (det arabiske subkontinentet), området aust for Verkhoyanskkjeda i Austsibir og Filippinane.
Politisk er nemninga Eurasia bruka som eit fellesnamn for de tidlegare sovjetrepublikkane, spesielt Russland, dei sentralasiatiske og dei transkaukasiske republikkane.
Dei første som segla rundt heile Eurasia, var ein ekspedisjon leidd av finlandssvenske Adolf Erik Nordenskiöld i 1878-79.
[endre] Skiljet mellom Europa og Asia
Grensa mellom Europa og Asia er ein konvensjon med stor symbolverdi, men utan historisk folkerettsleg betydning. Til vanleg blir grensa trekt opp nordfrå langs Uralfjella og vidare ned elva Ural til Kaspihavet. Mellom Kaspihavet og Svartehavet er det ulike meiningar om kor grensa bør trekkjast. Det vanlegaste er at grensa går over vasskiljet i Kaukasus. I så fall er Elbrus Europas høgaste fjell. Den vidare grensa blir, siden klassisk tid, trekt gjennom Bosporus, Marmarahavet, Dardanellane og Egearhavet.