Russland
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Nasjonale motto: Ikkje noko | |||||
![]() |
|||||
Offisielle språk | russisk(mellom andre) | ||||
Hovudstad | Moskva | ||||
Styresett |
Republikk Vladimir Putin Mikhail Fradkov |
||||
Flatevidd - Totalt - Andel vatn |
17 075 200 km² (1.) 0,5 % |
||||
Folketal - Estimert (2005) - Folketeljing (—) - Tettleik |
143 420 309 (8.) — 8/km² (178.) |
||||
Sjølvstende - Dato |
Frå Sovjetunionen 24. august, 1991 |
||||
BNP - Totalt (2005) - Per innbyggjar |
1 585 478 mill. USD (9.) 11 209 USD (59.) |
||||
Valuta | Rubel | ||||
Tidssone | UTC+2 til +12 | ||||
Nasjonalsong | Hymne til den russiske føderasjonen | ||||
Nasjonaldag | 12. juni | ||||
Internasjonal telefonkode | +7 | ||||
Nasjonale toppdomene | .ru | ||||
Russland (russisk Россия, Rossija), eller Den russiske føderasjonen (Российская Федерация, Rossijskaja Federatsija) er eit land i det austlege Europa og nordlege Asia. Storleiken er 17 075 200 km² og folketalet 143,4 millionar (2005). Den noverande staten Russland oppstod 25. desember 1991 som den største etterfylgjarstaten til den oppløyste Sovjetunionen.
Russland er verdas største land i areal, det strekkjer seg frå grensa mot Noreg og Finland i nordvest til Beringsundet i nordaust, frå grensene mot Baltikum, Kviterussland og Ukraina i vest, austover tvers gjennom Asia til grensa mot Nord-Korea og det nordlege Stillehavet. Russland er såleis både eit europeisk og eit asiatisk land, den geografiske grensa mellom verdsdelane blir vanlegvis rekna å gå langs fjellkjeda Ural.
Politisk er Russland ein assymetrisk føderasjon, dvs at dei 86 føderasjonssubjekta som føderasjonen er bygd opp av har ulik grad av sjølvstyre. Størst sjølvstyre har dei 21 republikkane, som opphavleg vart oppretta som sjølvstyrte einingar for etniske minoritetsgrupper. Hovudspråket russisk er eit av dei indo-europeiske språka.
Innhaldsliste |
[endre] Geografi
Russland har grenser mot Noreg, Finland, Estland, Latvia, Kviterussland, Litauen (gjennom eksklaven Kaliningrad), Polen (det same), Ukraina, Georgia, Aserbajdsjan, Kasakhstan, Kina, Mongolia og Nord-Korea. Den føderale hovudstaden er Moskva. Politisk er Russland delt inn i 86 republikkar, distrikt, territorium og provinsar.
Landet kan delast inn i fem hovudregionar:
- Europeisk Russland er den rikaste regionen i føderasjonen. Det strekkjer seg frå den russiske grensa mot europeiske land til Uralfjella, som tradisjonelt blir rekna som grensa mellom Europa og Asia. Gjennom dette store låglandsområdet renn dei tre store elvane Volga, Don og Dnjepr.
- Uralfjellregionen dekkjer fjellkjeda som går frå nord til sør og rommar viktige mineral- og oljekjelder.
- Sibir strekkjer seg frå Uralfjella til det nordlege Stillehavet. Dette enorme området er rikt på naturressursar, men har få innbyggjarar på grunn av det harde klimaet sitt.
- Kaukasusregionen er eit steppeområde som strekkjer seg nord for Kaukasusfjella mellom Svartehavet og Det kaspiske havet.
Sjå òg Klima i Russland
[endre] Demografi
Nevninga russkij ("russar") vert brukt om etniske russarar, om dei bur i Russland eller ikkje, medan ordet rossijanin omfattar alle borgarar av Russland ("russlendingar"). 79,8 % av innbyggjarane i Russland er etniske russarar. Resten av folkesetnaden utgjer opptil 160 ulike minoritetsgrupper. Dei største er
- Tatarar - 3,7 %
- Ukrainarar - 2 %
- Basjkirar - 1,2 %
- Tsjuvasjar - 1,1 %
- Tsjetsjenarar - 0,9 %
[endre] Språk
Forutan russarar, utgjer innbyggjarane ei mengd folkegrupper (nasjonalitetar) med kvardeira språk. Godt som alle innbyggjarar i Russland er russiskbrukarar, anten berre det, eller i tillegg til at dei har eit anna mål. Russisk er einaste språk med offisiell status i heile landet, men mange av dei autonome republikkane har i tillegg gjeve deira eigne språk medoffisiell status.
|
|
![]() |
Russiske republikkar | ![]() |
Adygeja | Altai | Basjkortostan | Burjatia | Dagestan | Ingusjetia | Kabardino-Balkaria | Kalmykia | Karatsjajevo-Tsjerkessia | Karelen | Khakasia | Komi | Mari El | Mordovia | Nord-Ossetia-Alania | Sakha | Tatarstan | Tsjetsjenia | Tsjuvasjia | Tuva | Udmurtia |
|