Europarørsla
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Europarørsla er ei europeisk rørsle som arbeider for å fremja demokrati, fridom, fred, kulturforståing og sosial utjamning gjennom tettare europeisk integrering. Rørsla har hovudkontor i Brüssel.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Commiteen for den Europeiske Einingsrørsla, som hadde som føremål å samordna politisk og økonomisk integrering i Europa i etterkrigstida vart stifta på Haagkonferansen, der rundt 800 europeiske delagatar, pluss observatørar frå Canada og USA var samla 7.–11. mai 1948. Rørsla femna vidt og samla støtte frå heile det politiske spektret. Statsleiarar som Konrad Adenauer, Winston Churchill, Harold Macmillan, François Mitterrand, Paul-Henry Spaak, Albert Coppé og Altiero Spinelli deltok på konferansen. Haagkonferansen kan sjåast på som starten på den den europeiske unionen.
25. oktober 1948 skifta rørsla namn til Europarørsla (Mouvement européen). Duncan Sandys vart valt til president og Léon Blum, Winston Churchill, Alcide De Gasperi og Paul-Henri Spaak vart «ærespresidentar».
Eit viktig resultat av arbeidet til Europarørsla var stiftinga av Europarådet i mai 1949. Europa-colleget vart òg stifta i 1949. På 50-talet arbeidde rørsla med å skipa nettverk og stifta diskusjonsgrupper både i aust- og vest-Europa. Rørsla var òg ein av pådrivarane for opprettinga av Europaparlamentet og for Mastrichtraktaten.
[endre] Den norske greina
Den norske greina vart stifta 30. mai 1949. Rørsla, som har eige kontor på Stortinget, arbeider for at Noreg skal verta medlem av EU. Stortingsrepresentant Svein Roald Hansen (Ap) er leiar for den norske greina av Europarørsla og Grete Berget er generalsekretær. Rørsla samarbeider tett med Europeisk Ungdom.