Fagbokforlaget
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fagbokforlaget er eit forlag som i all hovudsak gjev ut faglitteratur. Forlaget har sitt hovudsete i Bergen og avdelingskontor i Oslo, Sandefjord, Kristiansand, London og Gdansk.
Fagbokforlaget vart starta av dei to studentane Arno Vigmostad og Arnstein Bjørke i 1992. Forlaget omset årleg form omlag 70 millionar kroner og gjev ut over 100 nye titlar.
Forlaget gjev i tillegg til bøker også ut ei rekkje tidsskrift og distribuerer bøker for fleire mindre forlag. Mellom dei er Alma Mater, Mangschou, Nord4, og Skarvet forlag.
Fagbokforlaget gjev ut "almenne" bøker, mellom anna vinbøker og krim, under etiketten Vigmostad & Bjørke.