Familie
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Familie er i utgangspunktet eit hushald, ei gruppe menneske eller eit tal hushald bunde saman gjennom arv og slektskap frå sams forfedre. Samanbindinga kan stadfestast gjennom til dømes ekteskap eller adopsjon. I vestleg kultur refererer nemninga familie til ei gruppe menneske i bundne saman ved blodsband eller til dømes lovregulerte samlivsformer som ekteskap eller adopsjon. Mange antropologar argumenterer for at termen "blodsband" må skjønast metaforisk. I nokre samfunn er ikkje "blodsband" det sentrale for synet på familien. I stammesamfunn kan stammen vera det overordna.
[endre] Sjå òg
- Kjernefamilie - i Noreg eit omgrep som omfattar foreldra og ungane deira.
- Generasjonsfamilie - Ein familie der fleire generasjonar bur saman.
- Skilsmisse
- Sambuarskap
Kategoriar: Familie | Slekt | Samliv | Daglegliv