Fantoft stavkyrkje
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fantoft stavkyrkje, eller på bokmål Fantoft stavkirke, er ei stavkyrkje som står på Fantoft i Fana bydel i Bergen. Kyrkja vart opphavleg bygd om lag 1150 og sto i Fortun i Sogn og Fjordane fylke. Delar frå Fortun stavkyrkje vart flytta til Fantoft i 1883. Då Fortun stavkyrkje vart riven, kjøpte konsul F. G. Gade i Bergen mykje av tømmeret. Tømmeret vart nytta til å setja opp ei stavkyrkje i stil med Borgund stavkyrkje. I 1992 vart Fantoft stavkyrkje sett i brann av satanistar. Kyrkja brann ned til grunnen. I 1997 vart det reist ein kopi av kyrkja på same staden.