Stavkyrkje
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stavkyrkje er ei kyrkje bygd av tre med berande stavar. Stavane har gjeve namn til denne typen kyrkjer. I mellomalderen var det truleg over 1000 stavkyrkjer i Noreg. I dag står 28 av dei att.
Mange stavkyrkjer vart rivne på 1800-talet, då det i 1851 kom ei lov om at ei kyrkje i eit sokn skulle ha rom for tre tidelar av folkesetnaden. Ei rad kyrkjer vart redda av Fortidsminneforeningen. Nokre vart kjøpt og forsøkt tekne vare på i lokalmiljøet sitt. Andre vart flytta, slik som Gol stavkyrkje, som vart flytt til Norsk Folkemuseum og Fortun stavkyrkje som vart sett opp på Fantoft ved Bergen. Dei mest kjende er Borgund stavkyrkje og Urnes stavkyrkje. Urnes er på UNESCO si liste over verdsarv.
Innhaldsliste |
[endre] Stavkyrkjer som er tekne vare på
[endre] Buskerud
- Flesberg stavkyrkje
- Gol stavkyrkje (på Norsk folkemuseum)
- Nore stavkyrkje
- Rollag stavkyrkje
- Torpo stavkyrkje
- Uvdal stavkyrkje
[endre] Hordaland
[endre] Møre og Romsdal
- Grip stavkyrkje
- Kvernes stavkyrkje
- Rødven stavkyrkje
[endre] Oppland
- Fåvang stavkyrkje
- Garmo stavkyrkje (på Maihaugen)
- Hedal stavkyrkje
- Hegge stavkyrkje
- Hurum stavkyrkje (Høre)
- Lom stavkyrkje
- Lomen stavkyrkje
- Reinli stavkyrkje
- Ringebu stavkyrkje
- Vang stavkyrkje (i Riesengebirge, Polen)
- Vågå stavkyrkje
- Øye stavkyrkje
[endre] Sogn og Fjordane
- Borgund stavkyrkje
- Fantoft stavkyrkje, tidlegare Fortun stavkyrkje (flytt til Fantoft ved Bergen; brend og gjenoppbygd)
- Hopperstad stavkyrkje
- Kaupanger stavkyrkje
- Undredal stavkyrkje
- Urnes stavkyrkje
[endre] Sør-Trøndelag
- Holtålen stavkyrkje (på Sverresborg i Trondheim)
[endre] Telemark
- Eidsborg stavkyrkje
- Heddal stavkyrkje
[endre] Vestfold
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |