Fest
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fest, gilde og gjestebod er namn på tilstellingar utanom det vanlege der fleire folk er samla. Festar inneber ofte mat som er betre enn kvardagsmåltid og god drikke, gjerne med alkohol. Musikk og dans er òg vanleg. Deltakarane kan pynta seg med klede, smykke og sminke og omgjevnadane kan bli forbetra med store bord, fin oppdekking og ulik pynt, som blomar, levande lys og liknande.
Ein kan halda festar for å feira ei hending eller berre for å få eit avbrekk frå kvardagen. Eit anna føremål med gjestebod kan vera å visa fram rikdommen og statusen sin, eller å styrka viktige band innan eit samfunn eller mellom ulike samfunn.