Roma
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Roma, nokre gonger stava Rom, er hovudstaden i Italia. Byen har 2 600 000 innbyggjarar (2004). Roma vert omtala som «den heilage byen» fordi den katolske kyrkja har sitt hovudsete i byen. Paven, overhovudet for katolikkane i verda, styrer over Vatikanstaten som er ein liten enklave i Roma.
Roma var i fleire hundre år hovudstad i Romarriket, ein stat som herska over store delar av Europa og område kring Middelhavet.
Gjennom byen renn elva Tiber. Byen låg i starten på eit høgdedrag langs denne elva, men byen har vakse og spreidd seg utover. Roma er ingen kystby, men ligg litt inne i landet frå Middelhavet ved 41°50'N, 12°15'E.
Roma har vore hovudsete for det romerske kongedømet, den romerske republikken og det romerske imperiet.
Etter tradisjonen skal Roma ha vorte grunnlagd den 21. april 753 fvt av Romulus, som tok livet av sin tvillingbror Remus i prosessen. Datoen var grunnlaget for den romerske kalenderen og den julianske kalenderen (ab urbe condita). Romulus og Remus skal ha vore søner av den romerske guden Mars og prestinna Rea Silvia, dotter av Numitor, konge av Albalonga. Som unge gutar vart dei etterlatne for å redda dei frå hatet til Amulius, som ville ha trona til Albalong. Gutane vart tekne vare på av ein houlv som framleis er eit av symbola på Roma. Romulus tok seinare livet av Remus og vart den fyrste kongen av Roma.
Roma vart bygd på Sol-åsen som seinare vart kalla Palatine og vart utvida til å inkludera sju høgdedrag. Palatine, Aventine, Capitoline, Quirinal, Viminal, Esquiline og Cælian etter Månen, Merkur, Venus, Mars, Jupiter og Saturn. (sjå romersk mytologi.)
Innhaldsliste |
[endre] Verdt å sjå
- Akveduktane
- Ara Pacis
- Aurelianusmuren
- Bocca della Verità (Sanninga sin munn)
- Caracallas termer
- Castel Sant'Angelo
- Cestiuspyramiden
- Circus Maximus
- Colosseum
- Fontana di Trevi
- Forum Romanum
- Garbatella
- Hercules Victor sitt tempel
- Katakombene
- Keisarlege fora
- Konstantinbuen
- Lateranet
- Marcus Aurelius-søyla
- Nero sitt gyldne hus
- Palazzo Farnese
- Palazzo Massimo alle Colonne
- Palazzo Venezia
- Pantheon
- Peterskyrkja
- Piazza Albania
- Piazza Barberini
- Piazza del Campidoglio
- Piazza Campo dei Fiori
- Piazza Navona
- Piazza Scanderbeg
- Piazza Venezia
- Portunustemplet
- Roma sine kyrkjer
- Septimius Severus-buen
- Serviusmuren
- Spansketrappa
- Subura
- Tiber
- Titusbuen
- Trajansøyla
- Trastevere
- Via Appia
- Via Giulia
- Villa Farnesina
[endre] Ordspråk om Roma
- Alla vegar leier til Roma.
- Roma vart ikkje bygd på ein dag.
- Når du er i Roma, gjer som romarane gjer.
- Så lenge Kolosseum står, står Roma. Når Kolosseum fell, fell Roma. Med Roma fell heile verda.
[endre] Litteratur
- Roma. Guida d'Italia. 9 opplag Touring Club Italiano. Milano 2002.