Finsk syntaks
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Finsk syntaks er prega av at finsk er eit SOV-språk med relativt fri ordstilling. Andre ledd enn subjektet kan stå først i setninga, avhengig av informasjonsstrukturen. Ordstillinga innafor substantivfrasene er langt strengare.
Innhaldsliste |
[endre] Substantivfraser
Viss vi tar utgangspunkt i eit setningsskjema, kan strukturen til finske substantivfraser setjast opp på følgjande måte:
Forfelt | ||||
---|---|---|---|---|
Bestemmarfelt | Beskrivarfelt | Kjerne | Etterfelt | |
näissä | isoissa vanhoissa | kirjoissa | ||
i desse | store gamle | bøkene | ||
minun | hillitön | haluni | ahmia suklaarusinoita | |
min | ustyrlege | trong | (til) å maule sjokoladerosinar | |
auto | ||||
bil / ein bil / bilen |
Finske substantiv blir ikkje bøgd i bestemtheit. auto kan dermed vere både "bil", "ein bil" og "bilen", avhengig av posisjonen det har i setninga (sjå nedanfor). Adjektiv og determinativar i forfeltet kongruerer med substantivet i kasus og numerus. kirjoissa er inessiv fleirtal, det same er determinativen näissä og adjektiva isoissa, vanhoissa. Bestemmarfeltet kan innehalde ein possessor i genitiv. Viss possessoren er eit pronomen, kongruerer substantivet med possessoren iperson og numerus. Jf. "mi, di, hans/hennar, vår, dykkar, deira bok":
- minun kirjani, sinun kirjasi, hänen kirjansa, meidän kirjamme, teidän kirjanne, heidän kirjansa.
Viss possessoren er eit substantiv er det umogleg med possessivsuffiks: Pekan kirja / *Pekan kirjansa (* markerer at frasen er ugrammatisk). I finsk talespråk er det ein aukande tendens til ikkje å bruke possessivsuffiks i lag med possessor (minun kirja, osb.).
Viss bestemmarfeltet inneheld ein kvantor (eit talord högare enn yksi "ein", eller eit ord som tyder "mange" o.l.) står ledda til høgre for kvantoren og til og med substantivet i partitiv eintal (suurta rasiaa ovafor), meininga er "to (av typen) stor øskje". I slike tilfelle er det kvantoren heller enn substantivet som er kjerna i frasen. Viss frasen står i eit anna kasus enn nominativ, kongruerer også kvantoren med substantivet i kjernefeltet i kasus. Kvantoren og frasen står likevel i eintal, sjølv om frasen refererer til fleirtal. I tilfelle står berre determinativen til venstre for kvantoren i fleirtal, jf. niissä kahdessa vanhassa kirjassa, der niissä står i inessiv fleirtal og dei andre orda i inessiv eintal.
Forfelt | ||||
---|---|---|---|---|
Bestemmarfelt | Beskrivarfelt | Kjerne | Etterfelt | |
kaksi | suurta rasiaa niitä ihania suklaarusinoita | |||
to | store øskjer av dei deilige sjokoladerosinane | |||
niissä kahdessä | vanhassa | kirjassa | elokuvan historiasta | |
i desse to | gamle | bøkene | om filmens historie |
Etterfeltet kongruerer ikkje med resten av frasen. Det kan vere ein infinitivsfrase (ahmia suklaarusinoita), eller ein eigen substantivfrase i partitiv eller i eit adverbialkasus, som her, i elativ (elokuvan historiasta, der elokuvan er possessor i genitiv og historiasta elativ).
Det finst eit lite sett adjektiv som ikkje kongruerer med substantivet i kjernefeltet, m.a. pikku "vesle", ensi "fremre, første", viime "siste". Viss frasen inneheld fleire adjektiv må desse stå til slutt (mukavassa pikku kirjeessä / *pikku mukavassa kirjeessä "i det trivelege vesle brevet").
[endre] P-posisjonsfraser
Finsk har både preposisjonsfraser og postposisjonsfraser. Syntaktisk har dei same rolle i setninga, dei utgjer adverbialfraser av ulike slag (tidsadverbial, måtesadverbial, ...), men den indre strukturen deira er ulik.
Den minste gruppa er preposisjonsfrasene. Dei reine preposisjonane, dei som berre tar komplementet sitt til høgre, må alltid ha komplementet sitt i partitiv: ilman sinua "utan deg", vailla tulevaisuutta "utan framtid, vastoin tahtoani "mot min vilje" har alle komplement til høgre og i partitiv.
Ei gruppe kan vere både pre- og postposisjonar. Nokre av dei tar berre komplement i partitiv, andre berre i genitiv, andre tar begge delar.
- Berre partitiv: ennen aikoja / aikoja ennen "lang tid før", kohti taivasta / taivasta kohti "mot himmelen", vasten minua / minua vasten "mot meg".
- Berre genitiv: läpi kansallispuistoon / kansallispuiston läpi, ohi "gjennom"
- Genitiv eller partitiv:
Den største gruppa er postposisjonane, som danner postposisjonsfraser. Nokre av postposisjonane kan ta possessivsuffiks, andre kan det ikkje.
- Postposisjonar utan possessivsuffiks: minun jälkeen "etter meg", minun kautta "via meg", meidän kesken "oss i mellom".
- Postposisjonar som kan ta possessivsuffiks: pöydän alla / minun allani "under bordet/meg", äidin luona / sinun luonasi "hos mor/deg".
Formelt har partitivspreposisjonane same struktur som verb + (partitivs)objekt (ilman sinua / rakastan sinua "utan deg / (eg) elskar deg"), mens genitivspostposisjonane har same struktur som nominalfraser med genitivspossessor. Det som skil dei frå ordinære NP-ar er at dei sjølv ikkje blir bøygd i (alle) kasus, at dei berre opptrer som adverbial, og at dei har ei rein relasjonell tyding ("over, under, med, attmed, inni", osb.)
[endre] Verbfraser
[endre] Litteratur
- Hakulinen, Auli ja Fred Karlsson 1977: Nykysuomen lauseoppia. SKS
- Vilkuna, Maria 1996: Suomen lauseopin perusteet. Edita.