Genitiv
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Genitiv er eit grammatisk kasus brukt i eigarkonstruksjonar, som tysk das Haus des Mannes eller finsk miehen talo, "mannens hus".
[endre] Genitiv i norsk
Merk at vi, bortsett frå i stivna uttrykk som til fjells, til botnar, ikkje har genitiv i moderne norsk. Den såkalla "genitivs-s-en" har ingenting med genitiv å gjere, men er eit klitikon. Jf. døme som Mannen på balkongens hus, der det er mannen som er huseiger, og ikkje balkongen, som det ville ha vore dersom s-en verkeleg hadde uttrykt genitiv.
Restar av eldre genitiv finst i faste uttrykk, ofte etter preposisjonen til jf. til års, til tòls. Rest av genitiv finst òg i ordsamansettingar, helst etter sterke hankjønns- og inkjekjønnsord: dagsljos, kveldsmål, årstal, landsfolk. Sjeldnare brukast same forma etter hokjønnsord (morsmål). Elles vert hokjønnsord ved slike høve helst samanføyd med ein e: tidevatn, solemerke (etter gammalt genitiv tidar, solar).
I høgnorsk språk vert genitiven bruka i poesi og i høgtidleg stil: jf Dagsens auga sloknar ut (Blix) og Aa, du Guds lamb som bar heimsens synder (Altarboki 1920.)
Døme på ekte genitiv ved pronomen har vi i uttrykk som handi hans far min og målet hennar mor.
[endre] Kjelder:
Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over språkspirer. |