Flensborg Fjord
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Flensborg Fjord (tysk språk: Flensburger Förde) er Tysklands nordlegaste og Jyllands sørlegaste fjord. Slik dannar fjorden ein del av grensa mellom Tyskland og Danmark.
Fjorden er 50 km lang. På den danske sida i nord ligg øya Als med byen Sønderborg. Mot vest ligg Broager, Egernsund, Gråsten, Rinkenæs og Kollund. Om ein kjem frå A 10, går vegen til fjorden over elva Kruså. Kort etter Kruså finst den såkalla Fjordvegen frå Kollund til Rinkenæs.
På den tyske sida finst ligg byen Flensburg (dansk: Flensborg) og mot aust mellom anna Lyksborg, Holnis, Bockholmwik, Langballig, Westerholz, Steinbergkirche og Gelting.
Mellom seglsportsfolk frå båe sider av grensa vert Flensborg Fjord rekna mellom dei venaste segleområda i Austersjøen. Turistar tek gjerne båten mellom Flensborg og Sønderborg.