Tysk språk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tysk (Deutsch) |
||
Klassifisering: | Indo-europeisk Germansk Vestgermansk Tysk |
|
Bruk | ||
Tala i: | Tyskland, Austerrike, Sveits, Luxemburg, Liechtenstein, Italia (Sørtyrol), Belgia, (Eupen, Sankt With), Namibia, Danmark (Nordslesvig). | |
Område: | Vest-Europa | |
Tysktalande i alt: | 120 millionar | |
Rangering: | 9 | |
Skriftsystem: | Latinsk (tysk variant) | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i: | Tyskland, Austerrike, Liechenstein, Sveits | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1: | de | |
ISO 639-2: | ger | |
SIL | deu |
Tysk (Deutsch) er eit indoeuropeisk språk på den germanske språkgreina, saman med mellom andre engelsk og dei skandinaviske språka.
Det vi kallar tysk til vanleg, er høgtysk, i motsetning til lågtysk. Lågtysk eller nedertysk blir framleis tala av mange menneske i dei nordlege delane av Tyskland, men færre enn før. Nederlandsk kan seiast å vere ei form for lågtysk. Lågtysk har hatt stor påverknad på dei skandinaviske språka, ikkje minst norsk, på grunn av mykje samband i sjøfart og handel før i tida. Eit nært beslekta språk som også finst i Nord-Tyskland og Nederland, er frisisk, som blir sagt å liggje ein plass mellom tysk og engelsk.
Innhaldsliste |
[endre] Geografisk område
Tysk blir i hovudsak tala i desse landa: Tyskland, Austerrike, Sveits og Luxemburg. Tysk vert au nytta i Oppeln-regionen i Polen, delar av Belgia og Romania, Sør-Tirol i Italia og Elsass i Frankrike. I tillegg vert tysk tala i fleire tidlegare koloniar av desse landa. Til dømes Namibia (tidlegare Tysk Sørvest-Afrika) der mange er tyskspråklege. I mange aust-europeiske land, inkludert Russland, Ungarn og Slovenia er det fleire tyskspråklege minoritetar. I Amerika vert tysk mest nytta i USA. Om lag 125 millionar menneske har tysk som morsmål, og fleire hundre millionar snakkar det som framandspråk. Tysk er det tredje mest populære framandspråket på verdsbasis, og det nest mest populære i Europa, USA og Aust-Asia (Japan). Det er eit av de offisielle språka i EU.
Tysk var tradisjonelt det fyrste framandspråket i Noreg, og det viktigaste akademiske språket. Etter den andre verdskrigen har tysk fått sterk konkurranse av engelsk. Det er i dag det nest mest populære framandspråket, etter engelsk språk. Mange nordmenn lærer tysk på skulen.
Ei form for tysk språk som tidlegare var utbreidd i store delar av Europa, er jiddisch (yidish), daglegspråket til mange askenasiske jødar. Jiddisch sprang ut av mellomalderhøgtysk språk.
[endre] Dialektar
Tyske dialektar.
[endre] Lydsystem
Skildring av lydsystemet for språk, evt. delt inn i
[endre] Vokalar
Vokalfirkant, diskusjon.
[endre] Konsonantar
Konsonantskjema, diskusjon.
[endre] Fonologi
Drøfting av viktige fonologiske prosessar, prosessar språket er kjend for, allofonisk veksling, suprasegmentale prosessar, ...
[endre] Historiske lydendringar
Det som er ein av dei tydeligste skilnadene mellom høgtysk og dei andre germanske språka er den andre tyske lydforskyvinga. For omlag 1000 år sia skjedde det ei endring av 't' til 's' mange stader, spesielt blei 't' ofte omgjort til dobbel 's'. Døme på ord er:
Høgtysk | Nederlandsk | Engelsk | Norsk |
Weiss | Wit | White | Kvit |
Wasser | Water | Water | Vatn |
Strasse | Straat | Street | Strete |
[endre] Grammatikk
Tysk er eit flekterande språk, dvs. dei grammatiske tilhøva mellom orda blir i relativt stor grad uttrykt med hjelp av suffiks og andre morfologiske prosessar.
[endre] Substantiv
[endre] Numerus
Tysk skil mellom eintal og fleirtal for substantiv, adjektiv og pronomen.
[endre] Genus
Tysk har tre genera, maskulinum, femininum og nøytrum.
Genussystemet i tysk har ein biologisk basis, slik at der Mann, der Ochs er maskuline og die Frau, die Kuh er feminine. Det finst mange unntak frå denne regelen. Det mest kjende er substantivet das Mädchen, som tyder ‘jenta’. I dette fallet kjem ordet inn under ein annan regel, som seier at ord som er danna med endinga -chen har genus nøytrum.
[endre] Kasus
Tysk har fire kasus: nominativ, akkusativ, dativ og genitiv.
Nominativ markerer at setningsleddet er subjekt eller er predikativ (predikativ ved verba sein, werden, bleiben og heissen).
Setningsleddet skal stå i akkusativ med dei verba som tek direkte objekt i akkusativ eller når leddet står som eit preposisjonsuttrykk (PU) med ein preposisjon som tek akkusativ.
Setningsleddet skal stå i dativ ved indirekte objekt og ved dei verba som tek direkte objekt i dativ, eller når leddet står som eit preposisjonsuttrykk (PU) med ein preposisjon som tek dativ. Setningsleddet skal også stå i dativ ved eigedomsdativ. Dette blir ofte nytta i staden for genitiv for å uttrykke eigedomstilhøve til kroppsdelar eller klesplagg. Døme: Zieh dir die Schuhe aus! (Ta av deg skoa!). Nokre viktige verb tek direkte objekt i dativ, som til dømes verba helfen og 'danken.
Setningsleddet skal stå i genitiv når det uttrykkjer eigedomstilhøve eller tilhøyrsle, eller der leddet er eit preposisjonsuttrykk (PU) med ein preposisjon som tek genitiv. På norsk blir eigedomstilhøve ofte kommunisert med ein preposisjon (bilen til Maria), med å hengje på ein -s etter eigaren (Marias bil) eller med sin-genitiven (Maria sin bil). På tysk er det vanlegare å nytte forma Der Vater des Kindes (Faren til barnet), med ved eigennamn kan ein gjerne bruke -s, slik som norsk: Marias Wagen (Marias bil).
[endre] Verb
Til liks med norsk, blir tyske verb dela inn i svake og sterke verb.
[endre] Determinativ
Determinativar står framfor substantiv og eventuelle adjektiv eller talord, og rettar seg etter substantivet i kasus og genus.
[endre] Bestemt determinativ
Kasus | maskulinum | femininum | nøytrum | pluralis |
Nominativ | der Mann | die Frau | das Kind | die Leute |
Akkusativ | den Mann | die Frau | das Kind | die Leute |
Dativ | dem Mann | der Frau | dem Kind | den Leuten |
Genitiv | des Mannes | der Frau | des Kindes | der Leute |
[endre] Ubestemt determinativ
Kasus | maskulinum | femininum | nøytrum |
Nominativ | ein Mann | eine Frau | ein Kind |
Akkusativ | einen Mann | eine Frau | ein Kind |
Dativ | einem Mann | einer Frau | einem Kind |
Genitiv | eines Mannes | einer Frau | eines Kindes |
[endre] Ordforråd
[endre] Skriftsystem
[endre] Historie
Indre språkhistorie, ytre språkhistorie.
[endre] Døme
Korte døme på språket.
Ich esse Eis (presens). Ich ass Eis (preteritum). Ich habe Eis gegessen (perfektum partisipp).
Sidan tysk er eit flekterande språk, kan ein nytte kasus til å markere fuksjonen til setningsleddet, i staden for preposisjonar, slik ein ofte gjer på norsk.
A: S V IO(D) DO(A) T: Ich gebe der Frau ein Eis.
Ich er subjekt, gebe er verbal, der Frau er indirekte objekt i dativ og ein Eis er direkte objekt i akkusativ.
[endre] Bakgunnsstoff
- Vollständige Ausgabe von Georg Wenkers Sprachatlas des Deutschen Reichs
- Verein Deutsche Sprache
- German 101 Learn German online
- Tysk Wikipedia
- Grimm, Deutsches Wörterbuch
- Häufig gestellte Fragen zur deutschen Sprache
- Häufig gestellte Fragen zur deutschen Sprache
- Wortschatz der deutschen Sprache
- www.goethe.de - Goethe-Institut zu: Dialektgebiete d. Deutschen Sprache (Karte mit Erläuterungen)
- deutsche Wörterbücher mit Informationen zu Rechtschreibung und Grammatik
- Heinzelnisse: tysk-norsk / norsk-tysk ordbok
- Deutschtum.net
Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over språkspirer. |
Germanske språk |
Austgermansk: gotisk | krimgotisk | vandalisk | burgundisk |
Nordgermansk: islandsk | færøysk | norn | norsk | dansk | svensk | rodi | romani |
Vestgermansk: tysk | jiddisch | plattysk | frisisk | nederlandsk | afrikaans | engelsk | skotsk | langobardisk |