Folkedrakt
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Folkedrakter er lokalt særmerkte klede som skil seg frå samtidsmoten. Desse plagga er del av ein stadbunden folkeleg draktskikk med innarbeidde normer for utforming og bruk av klede. Folkedraktene er brukarane sine tradisjonelle klede med graderingar frå høgtidsklede til kvardagsklede. Samedrakt er eit eksempel på ei folkedrakt.
Den norske bunaden vert derimot ikkje rekna som ei folkedrakt i normal forstand, ettersom den klart skil seg frå dei normale klesdrakter og berre vert nytta i spesielle høve.