Fornyings- og administrasjonsdepartementet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fornyings- og administrasjonsdepartementet (forkorta FAD) er eit norsk departement som vart formelt oppretta 1. januar 2006. Statsråd Heidi Grande Røys vart allereie frå utnemninga av regjeringa Stoltenberg II i oktober 2005 kalla fornyingsminister. Ho har ansvar for saksfeltet til det tidlegare Moderniseringsdepartementet, i tillegg til nordisk samarbeid. Departementet sitt hovudfokus er modernisering av offentleg sektor. Departementet har eit samla ansvar for konkurransepolitikken, koordinering av Informasjonsteknologipolitikken, leiarutvikling, organisasjonsutvikling og omstilling i statsforvaltinga, servicefunksjonar for departementsfellesskapet og statleg sektor generelt. Departementet har arbeidsgjevaransvar for statstilsette. Moderniseringsdepartementet vart oppretta den 1. oktober 2004. Arbeids- og administrasjonsdepartementet hadde før dette ansvaret for saksfeltet.
Innhaldsliste |
[endre] Debatt om departementet
[endre] Nynorsk namngjeving
- Dagen etter at eit oppslag på nynorsk.no (18.10.05) kritiserte namnet på «Fornyelsesdepartementet» for å ikkje vere nynorskvenleg, slo fornyingsminister Heidi Grande Røys, som kjem frå Sogn og Fjordane, fast at namnet på departementet skulle vere fornyingsdepartementet uansett målføre. (Kjelde 1 og 2)
[endre] Lenkjer ut
- Moderniseringsdepartementet, det komande Fornyings- og administrasjonsdepartementet
- Pressemelding om nye departementsnamn