Regjeringa Stoltenberg II
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Regjeringa Stoltenberg II er den norske regjeringa som vart danna under leiing av Jens Stoltenberg etter Stortingsvalet 2005. Regjeringa er ein koalisjon mellom Arbeidarpartiet (Ap), Senterpartiet (Sp) og Sosialistisk Venstreparti (SV). Samarbeidet mellom desse partia under valkampen har vore kalla eit raud-grønt samarbeid. Regjeringa kallar seg sjølv Solidaritetsregjeringa.
Då valresultatet viste at dei tre partia til saman ville få fleirtal i Stortinget, byrja regjeringsforhandlingar mellom dei tre den 26. september 2005 på konferansestaden Soria Moria i Oslo. Soria Moria-erklæringa er ei nemning på forhandlingsresultatet, som vil vera det politiske grunnlaget for regjeringa.
Den nye regjeringa vart oppnemnd av Kongen måndag morgon den 17. oktober 2005 i eit møte med den nye statsministeren. Avtroppande statsminister Kjell Magne Bondevik leverte sin søknad om avskjed tidlegare på morgonen. Den forrige regjeringa vil likevel setja preg på norsk politikk i mange månader framover, om ikkje eit heilt år, fordi det er dei som har utarbeidd Statsbudsjettet for 2006 som vart lagt fram fredag 14. oktober.
[endre] Regjeringsmedlemmer
Arbeidarpartiet (Ap) har fleirtalet i regjeringa med 10 ministrar, Sosialistisk Venstreparti (SV) har 5, og Senterpartiet (Sp) har 4. Det er ni kvinner og ti menn i ministerpostar. Alle landsdelane er representerte, bortsett frå Sørlandet.
Slik er regjeringa samansett. Utanom statsministeren (Ap), utanriksministeren (Ap) og partileiarane frå SV og Sp, er ministrane rangert frå høgste til lågaste alder.
- Statsminister: Jens Stoltenberg (Ap)
- Finansminister: Kristin Halvorsen (SV)
- Kommunal- og regionalminister: Åslaug Haga (Sp)
- Utanriksminister: Jonas Gahr Støre (Ap)
- Forsvarsminister: Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap)
- Miljøvernminister: Helen Bjørnøy (SV)
- Olje- og energiminister: Odd Roger Enoksen (Sp)
- Utviklingsminister: Erik Solheim (SV)
- Nærings- og handelsminister: Odd Eriksen (Ap, 17. oktober 2005–29. september 2006), Dag Terje Andersen (Ap, 29. september 2006– )
- Samferdsleminister: Liv Signe Navarsete (Sp)
- Kunnskapsminister: Øystein Djupedal (SV) 1
- Arbeids- og inkluderingsminister: Bjarne Håkon Hanssen (Ap) 2
- Justisminister: Knut Storberget (Ap)
- Barne- og likestillingsminister: Karita Bekkemellem (Ap) 3
- Kultur- og kyrkjeminister: Trond Giske (Ap)
- Helse- og omsorgsminister: Sylvia Brustad (Ap)
- Fornyingsminister: Heidi Grande Røys (SV) 4
- Landbruks- og matminister: Terje Riis Johansen (Sp)
- Fiskeri- og kystminister: Helga Pedersen (Ap)
Merknader:
- Frå 1. januar 2006 sjef for Kunnskapsdepartementet, tidlegare Utdannings- og forskingsdepartementet
- Frå 1. januar 2006 sjef for Arbeids- og inkluderingsdepartementet, tidlegare Arbeids- og sosialdepartementet
- Frå 1. januar 2006 sjef for Barne- og likestillingsdepartementet, tidlegare Barne- og familiedepartementet
- Frå 1. januar 2006 sjef for Fornyings- og administrasjonsdepartementet, tidlegare Moderniseringsdepartementet
Kjelde: Odin, departementsliste
Føregjengar: Regjeringa Bondevik II |
Norske regjeringar (2005–)
|
Etterfylgjar: |