Forskningscentralen för de inhemska språken
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Forskningscentralen för de inhemska språken (Focis), fi. Kotimaisten kielten tutkimuskeskus eller Kotus, på nords. Ruovttueatnan gielaid dutkanguovddáš) er ein lingvistisk forskingsinstitusjon som blir drive av den finske staten. Focis har omtrent hundre tilsette, og den primære oppgåva deira er å utføre grunnforsking og anvend forsking på språka i Finland, dvs, finsk, svensk, nordsamisk, enara-, skoltesamisk, sigøynerspråket romanés og teiknspråk. I tillegg driv Focis ei rådgjevarteneste for språkspørsmål. Dei viktigaste oppgåvene til Focis er å vera norm- og rådgjevar for myndigheiter og ålmenta, å lage ordbøker for dei ulike språka, og å stø opp om bruken av desse språka i samfunnet.
Focis er normativt organ for alle språka i Finland.