Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Freddy dos Santos
Foto: Kjetil Ree
Freddy dos Santos (fødd 2. oktober 1976) er ein fotballspelar frå Oslo. Han spelar for Vålerenga, og har spela på alle plassar på banen untatt i mål. Sjølv trivst han best i angrep. Han laga flest mål i klubben i 2003 og 2004, mykje på grunn av sine gode straffespark. Han har vore ein av dei viktigaste spelarane på laget i fleire sesongar, og er visekaptein (2005).
Han har spela for
- Teisen
- Skeid 1995 - 1997
- Molde 1998 - 2000
- Vålerenga 2001 -