Fuglekonge
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fuglekonge |
||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
![]() Fuglekonge |
||||||||||||||
Systematikk | ||||||||||||||
|
||||||||||||||
Vitskapleg namn | ||||||||||||||
Regulus regulus Linné, 1758 |
Fuglekongen (Regulus regulus) er minste fuglen i Europa, og veg mellom 4,5 og 6g. Det latinske namnet «Regulus», 'liten konge', heng truleg saman med at hannen har ei oransjegul stripe på issen, ei «kongekrune» som syner godt når fjøra på hovudet reiser seg som ein topp. Fuglekongen tilhøyrer songarfamilien (Sylvidæ), men blir av og til òg plassert i den mindre kongefuglfamilien (Regulidæ).
Innhaldsliste |
[endre] Utsjånad
Fjørdrakta er gulgrøn, med litt svart og litt kvitt på vingene. Hannen har gul og oransje isse med svarte kantar, medan hoa har gul isse. Nebbet er kort og spisst og blir brukt til å plukka insekt frå borken av tre.
[endre] Song
Songen er ein spinkel og einsformig strofe som nesten ikkje kan høyrast når andre fuglar syng. Under songen reiser fuglekongen hovudfjørene, og då ser ein hannen si oransjefarga issefjør som er kanta av to svarte striper.
[endre] Hekking
Fuglen hekkar i mars–april. Hoa legg 8– 11 egg som blir klekte etter 14— 17 døgn. Dei dreg frå reiret etter om lag tre veker.
Reiret byggjer fuglen vanlegvis høgt oppe i eit grantre. Det er korgforma, og heng på undersida av ei grein, godt skjult (sjå bilde). Reiret er svært vanskeleg å oppdage, men her er eit tips: Veit du omlag kvar fuglen byggjer reir, kan du legge ut nokre fine fjør og dun i området og spionere på fuglekongen i byggjeperioden. Han vil nok bruke det du har lagt ut, og du finn reirplassen.
[endre] Levevis
Fuglekongen er ein aktiv og selskapeleg fugl. Han lever i små flokkar, ofte sammen med andre meisar. Han flyg frå tre til tre og leiter etter mat medan han held kontakten med andre fuglar i flokken med tynne pip.
Fuglen et edderkoppar, insekt, larvar og insektegg som han plukker frå greiner og bork oppe i tretoppane. Måten han flyg på minner litt om ein kolibri — han kan nemlig halda seg flygande framfor ei gren i flere sekund.