Biologisk systematikk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Innan biologi er systematikk brukt om det å dela inn organismar i grupper. Ein har gjort forsøk på å laga slike klassifiseringar av livsformer sidan Aristoteles grunnla biologifaget.
Dagens systematikk er basert på Carl von Linné sitt hierarkiske system frå 1700-talet. Dette systemet gjev alle levande ting ein art som høyrer til ei biologisk slekt. Denne blir vidare sett inn i familie, orden, klasse, rekke (eller divisjon) og rike. Det finst óg fleire underinndelingar.
Artsbestemminga og den vidare inndelinga byggjer på utsjånaden og oppbyggjinga til organismen, og blei først og framst utvikla som eit middel til å skildra og identifisera artar. Den nye utviklinga av genetikken og DNA-analyse har ført til at ein har måtta omklassifisera mange artar og grupper ut frå påvist slektskap.
Innhaldsliste |
[endre] Inndeling frå toppen
Menneska har alltid vore ivrige etter å dela verda inn i kategoriar. Ofte vel dei å gjera det ved hjelp av særskilde trekk mange vesen har felles. Desse inndelingane er lette å forstå og gjera, men vil som regel støyta på problem undervegs.
Det første kjende forsøket på å klassifisera livsformer stod den greske filosofen Aristoteles bak. Han delte livet i to delar, plante- og dyreriket. Vidare kategoriserte han dyra ut frå kvar dei hovudsakleg heldt til (i lufta, på jorda eller i vatnet), og ut frå om dei til dømes hadde blod eller ikkje, la egg eller fødde levande avkom, og så vidare.
Sveitsiske Conrad Gessner, som levde på 1500-talet, gjorde eit grunnleggjande arbeid for zoologien med verket Historia animalium, der han skildra dei fleste kjende dyr.
[endre] Inndeling frå botnen
På 1600-talet gjorde den engelske naturforskaren John Ray opprør mot enten/eller-systema som tok utgangspunkt i allereie fastsette førestillingar. I staden valde han å klassifisera plantar ut frå skilnader og likskapar han fann fram til ved å observera dei. Dette var eit viktig steg mot den moderne taksonomoien.
Carl von Linné blei fødd i 1707, to år etter at John Ray døydde, og følgde mykje av den same tankegangen. Systematikken hans delte óg verda i rike – mineral-, plante- og dyreriket – men han innførte som noko nytt eit todelt namn for kvar art. Slike vitskaplege namn, ofte kalla latinske namn fordi ein hovudsakleg bruker latinske ord og endingar for å skildra vesena, blir fortsatt brukt til å gje eintydige namn på artar.
[endre] Inndeling etter slektskap
I dag kan biologar analysera arvestoffet til organismane dei studerer, og slik klassifisera dei ut frå felles avstamming. Det er blitt vanleg å organisera artar i eit evolusjonstre ut frå kva tid ein stamart skilde lag frå andre. Den nye biologigreina fylogenetikk blir brukt til å rekonstruera stamtre. Ein ny systematikk basert på ny kunnskap om artsutvikling, PhyloCode, er under utarbeiding, men det er uklart korleis eller om dette systemet kjem til å brukast.