Gåte
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- Sjå òg musikkgruppa Gåte
Ei gåte er eit spørsmål med eit svar som er ukjend eller vanskeleg å finna. Gåter kan vera djupe filosofiske spørsmål, mysterium ein prøver å finna ut av i vitskapen, eller ei form for underhalding.
Gåtar har spelt ein rolle i mytologien, til dømes måtte Odyssevs svara på ei gåte då han møtte ein sfinks, og Odin lurte mange fiendar ved å stille dei lure gåter.
Ein finn gåter i litteraturen, til dømes som ein svært viktig del i Hobbiten av J.R.R. Tolkien.
Det finst gåter frå norrøn tid og nyare gåter på rim frå både norsk folkedikting og frå britiske litteratar.
Nyare gåter kan vera forma som vitsar. Svaret på desse er ikkje logisk, men er overraskande, absurd, eller lagar eit ordspel.
-