Mytologi
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mytologi (av gresk: mythos, ord eller soge og logia, lære eller vitskap) blir bruka om:
- Lære om mytar, tolking av mytar iblant innom ein religion.
- Ei samling mytar frå eitt religionsområde.
Generelt er mytologi, i denne andre tydinga, forteljingar i tala eller skriven tradisjon. Deira oppgåve har vore å forklare korleis universet og jorda vart til, naturlege fenomen eller andre fenomen som saknar intuitive forklaringar. Forteljingar som ofte vandra munnleg frå generasjon til generasjon. Mytar utspelar seg i ei dunkel urtid og involverer guddomar og overnaturlege krefter.
Nesten alle mytologiar kan knytast til ein religion, og nesten alle religiøse system involverer ei form av mytar. Da myte i kvardagsspråk normalt har tydinga usanning brukar truande menneske ikkje like at ein ser på grunnlaget for trua deira som mytar. Omgrepa mytologi og myte brukar ein derfor framfor alt om religiøse system som høyrer til utdøydde eller framande kulturar.
[endre] Mytologiar
- Aztekisk mytologi
- Egyptisk mytologi
- Etruskisk mytologi
- Finsk-ugrisk mytologi
- Gresk mytologi
- Inkafolkets mytologi
- Indisk mytologi
- Inuitisk mytologi
- Jødisk mytologi
- Keltisk mytologi
- Kinesisk mytologi
- Kristen mytologi
- Mesopotamisk mytologi
- Nordisk mytologi
- Oceanias mytologi
- Persisk mytologi
- Romersk mytologi
- Slavisk mytologi
[endre] Eksterne lenkjer
- Encyclopedia Mythica An encyclopedia on mythology, folklore, and legend
[endre] Kjelde
Svensk wikipedia, art. med same namnet.