Gösta Adrian-Nilsson
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gösta Adrian-Nilsson, også kalla GAN, (2. april 1884 – 29. mars 1965) var ein svensk målar. Han var fødd i Lund i Skåne og han døydde i Stockholm. Han var homofil.
GAN vert rekna for å vere ein pioner for den abstrakte kunsten i Sverige
Han var utdanna ved Teknisk Selskabs Skole i København og Zahrtmanns Skole på Kunstnernes Studieskole ved Akademiet København. Han gjorde også mange studie- og arbeidsreiser i utlandet, mellom anna til Berlin og Köln 1912 - 1914 der han vart påverka av arbeida til Wassily Kandinsky og Franz Marc. Han utvikla si eiga form for ekspressiv kubisme der fascinasjonen hans for moderne teknologi og maskulin styrke fekk uttrykk. Mannlege idrettsutøvarar og sjømenn var hyppige motiv. Det var også skip, hamner og jarnbane. Uttrykket fekk drag av futurisme og konstruktivisme.
Mellom 1920 og 1925 budde og arbeidde han i Paris og der kom han i kontakt med Fernand Léger. På 1930-talet vart måleria hans surrealistiske, og på 1940-talet vart kunsten hans heilt abstrakt.
Han signerte arbeida sine GAN. Han skreiv også dikt, noveller og barnebøker.
[endre] Representert ved mellom anna desse samlingane
- Göteborgs konstmuseum
- Kulturhistoriska museet i Lund
- Moderna Museet i Stockholm
- Malmø Museum
- Malmø Konstmuseum
- Nationalmuseum Stockholm
- Waldemarsudde, Prins Eugens kunstmuseum i Stockholm
[endre] På verdsveven
[endre] Meir å lese
- Jan Torsten Ahlstrand: GAN : Gösta Adrian-Nilsson : perioden 1914–1932
- Jan Torsten Ahlstrand: GAN : 1884-1920 : Gösta Adrian-Nilsson : Modernistpionjären från Lund. ISBN 918533071X