Köln
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Köln (fr. og en. Cologne) er ein tysk by på Rhinen si vestlege breidd i staten Nordrhein-Westfalen. Byen er Tyskland sin fjerdestørste og hadde 968 528 innbyggjarar i 2002. Köln er ein av dei vigtigaste handels- og industribyane i landet.
Byen vart grunnlagt som ein romarleir og vart på det tidspunktet kalla Colonia Claudia Ara Agrippinensis. Köln fekk bystatus i år 50.
Universitetet i Köln vart grunnlagt i 1919. Köln hadde likevel eit universitet i perioden 1388-1798.
I middelalderen var Köln ein vigtig valfartsstad, der det òg kom mange pilgrimar frå Danmark.