Gebhard Leberecht von Blücher
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gebhard Leberecht von Blücher (fødd 16. desember 1742 i Rostock, Tyskland, død 12. september 1819 i Krieblowitz i Schlesien) var ein prøyssisk generalfeltmarskalk og fyrste av Wahlstatt.
Han er mest kjend for sin innsats under Napoleonskrigane. I 1813 vart han utnemnd til øvstkommanderande for den schlesiske hæren. Han fekk Gerhard von Scharnhorst som stabssjef og August von Gneisenau som generalkvartermeister. Nyårsnatta 1813 gjekk Blücher sine styrkar over Rhinen. Saman med Gneisenau hadde Blücher ein viktig del av æra for sigeren ved Waterloo. Som heider for sine sigrar vart Blücher utnemnd til fyrste.
Blücher døydde i 1819 på godset sitt i Krieblowitz i Schlesien.
[endre] Fire skip er oppkalla etter Blücher
- pansarkryssaren SMS Blücher av den keisarlege tyske marina
- den store kryssaren DKM Blücher av den tyske krigsmarina
- passasjer- og fraktskipet Blücher av Hamburg-Amerika-linja
- torpedoskuleskipet Blücher av den keisarlege tyske marina