Diskusjon:Genitiv
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olav Beito meiner i Nynorsk Grammatikk 1986 at regelen etter Aasen, at genitiv berre kan nyttast ved (manns)namn og i gamle ordelag, ikkje samsvarar med alle målføre (spes. Agder, Telemark), ubunden tradisjon i folkevisene og endå mindre med nynorsk skrift. (Beito 1986 s. 195 (§ 233)). Men Beito brukar her ikkje omgrepet klitikon, så dette må vere ulike måtar å systematisere språket på. - Knut 17:08, 31 mars 2007 (CEST)
- Nei, det er det ikkje. Det Beito kallar genitiv skil seg frå genitiv i kasusspråk. Usemja går altså ikkje på kva eigenskapar språket har, men om vi skal bruke namnet genitiv om endinga -s, etter det gamalnorske suffikset -s, som var eit av mange måtar å realisere kasus genitiv på i gammalnorsk. Sjølv meiner eg det er misvisande å bruke same namn, i og med at det lett kan få folk til å tru at det er same fenomen også. Trondtr 18:25, 31 mars 2007 (CEST).
- Spiremerket inviterer til å skrive. Difor denne tilføyinga. Når det gjeld kjelda eg har oppgjeve, er Aasen berre kjelde for det andre avsnittet: Restar av eldre genitiv osv. (Å opplyse kjelder i slikt dugnadsarbeid kan av og til vere misvisande. Kanskje er det betre å oppgje kjelde i redgeringssamandraget). - Knut 18:38, 31 mars 2007 (CEST)
- Ja, for all del, det trengst meir tekst. Men vi kan kanskje skilje ulike språk betre frå kvarandre, no er det eineste språket vi siterer eit språk utan geinitiv, ei naturleg utviding blir å ha døme på tilng som er genitiv. Kjelder kan kanskje presiserast med fotnoter, eller med referanse i teksten til litteraturlista nederst. Trondtr 19:20, 1 april 2007 (CEST).