Georg
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Georg er eit mannsnamn, mellom anna brukt i Noreg, som er avleia av det greske Geôrgios (Γεώργιος) gjennom latin Georgius. Namnet tyder 'landarbeidar'. Det har kvinneformene Georgina og Georgine.
Namnet Georg blir særleg mykje brukt i tyskspråklege land, der det òg har variantar som Jürg og Jörg. På engelsk er namnet blitt til George.
På dansk og norsk finst Jørgen, sjå denne artikkelen for fleire variantar.
[endre] Kjende namneberarar
- Georg Apenes, norsk politikar, direktør i Datatilsynet
- Georg Brandes, dansk litteraturkritikar
- Georg Johannesen, norsk forfattar
- Georg Ossian Sars, norsk havforskar
[endre] Kongar
Fleire engelske kongar har heitt George i England; desse blir kalla Georg på norsk.