Gjetarhund
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gjetarhundar er hundar som passar på og gjetar husdyr, til dømes sau. Visse hunderasar, som border collie, er blitt spesielt utvikla til denne typen arbeid.
Ein gjetarhund må kunne gjeta utan å gå til åtak. I tillegg finst det grunnleggjande kunnskap hunden må læra før han kan gjeta. Mellom anna må hunden læra å forstå teikn gjevne av eigaren.
Mange valpar etter gjetarhundar har allereie eit gjetarinstinkt. Ein god gjetarhund som følger alle teikn kan vera verdt opptil 50 000 kroner.