Sau
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sau (Ovis aries) |
||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
![]() Sau |
||||||||||||||||
Systematikk | ||||||||||||||||
|
||||||||||||||||
Vitskapleg namn | ||||||||||||||||
Ovis aries Linné, 1758 |
Sau (Ovis aries) er ein drøvtyggar som tilhøyrer sauefamilien. Den er eit av dei vanlegaste husdyra og vert avla fram for kjøt og ull. Hosauen kallast søye eller sau, hannsauen vêr, ungen lam og eittåringen gimber. Ein frisk sau kan verta 8-12 år gamal, men vert normalt slakta før det.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Sauen var eit av dei første dyra som vart domestiserte, truleg i Midtausten for om lag 10.000 år sidan. Det er fleire teoriar om korleis prosessen føregjekk, men den dominerande teorien er at det var den asiatiske muflonen som er stammora. Denne finst no i fjellstrøka i Tyrkia og sør i Iran, medan ein nærslekta muflon finst på Sardinia og Korsika. ogkorleis sauen oppstod. Den dominerande teorien er at den oppstod frå ein av dei to
Sauen har sidan då vore eit av dei viktigaste husdyra i ei rekkje ulike kulturar. I egyptisk mytologi var vêren eit symbol for Heryshaf og i Iran er det funne ein statuett som indikerer at ein dreiv framavling av ullgode sauer alt for 6000 år sidan. Sauen er også inkludert både i den vestlege og den kinesiske dyrekrinsen (stjerneteikn).
I moderne tid har ei rekkje ulike sauerasar vorte avla fram, spesielt med tanke på ull- og kjøtproduksjonen. I Australia og New Zealand er dei svært talsterke i forhold til folketalet elles; det er tolv gonger så mange sauer som menneske på New Zealand.
[endre] Etymologi
Sau er det same som norrønt sauðr og er slekta med verbet å sauda/syda, det vil seia å koka.
[endre] Skildring
[endre] Anatomi
[endre] Åtferd
[endre] "Dum som ein sau"
Det er ein godt innarbeid myte at sauen er spesielt uintelligent, ein myte som nok har samanheng med at sauen ser ut til å ha ein ikkjehierarkisk flokkmentalitet. Myten kjem til uttrykk i omgrep som "dum som ein sau" og "å følgja bjøllesauen (utfor stupet)". Ting som talar mot denne myten er mellom anna at sauene er i stand til å kjenna igjen ansiktstrekka hjå i alle fall 50 andre sauer over ein toårsperiode og at enkelte individ er flinke til å laga hol i gjerde eller på anna vis overkoma dei hindera menneska set opp. Sauene er også i stand til å identifisera slektningar og kan halda særskilte vennskap innan flokken. Dei har også individuelle karaktertrekk; til dømes er nokre sauer veldig pågåande og nokre klarer seg fint utanom flokken. Det finst om enn dekning for å påstå at ein gjennom domestikasjonen har luka ut smartare sauer, i det dei ofte vert sett på som problemdyr.
[endre] Flokkgrupper
Det er ingen tvil om at sauen har ein tendens til å samla seg i flokkar, men den er ikkje fullstendig avhengig av ein større flokk. Det hender at sauer deler seg opp i mindre grupper som ein einsleg sau med lam og kanskje fleire vaksne etterkomarar, eit par vêrer som står kvarandre nær (bifili er ikkje eit uvanleg fenomen), ein flokk gimber og gjeldsauer (sauer utan lam), ein flokk leia av ein spesiell sau (til dømes ein halvspæl blant dalasauer) eller eit par nærslekta eller ikkje fullt så nærslekta sauer.
[endre] Avl
Gjennom avslarbeid søkjer ein å forbetra ei rekkje eigenskapar hjå sauen. Av kommersielle grunner vert desse prioritert:
- Fruktbarheita (helst to lam om hausten)
- Tilvekstevne som lam (høg tilvekst første fire-fem månadane)
- Slaktekvalitet hjå lam (høg kjøttfylde og relativt lite feitt)
- "Morseigenskapar" (uttrykt ved lammetilvekst og problemfri lamming)
- Ullmengde
- Ullkvalitet
- Eksteriør (kroppsbygnad som høver til utmarksbeita; sterke bein og godt jurstell)
Andre eigenskapar som kan ha ein innverknad er
- Åtferd (lammedreparar vert luka ut)
I avlen vert det nytta få vêrer, og det er difor viktig at dei ein nyttar er spesielt gode. Difor vert vêreavl satt i system ved kåring, vêrringar og vêrindeksar.
[endre] Sauerasar
Meir enn 200 raser er kjent. Blant sauerasane som finst i Noreg er Dala, rygja, spælsau, sjeviot, svartfjes, norsk pelssau, texel, steigar og finsk landrase.I tillegg kjem rasevarietetar; i Noreg vert dei fleste sauene kategoriserte som norsk kvit sau.
[endre] Produkt
Hovudprodukt i Noreg er kjøt og ull. Andre produkt er mjølk, skinn, tarmar og ullfeitt (lanolin).
[endre] Verdivurdering
Verdien av eit lammeslakt vert bestemt av slaktevekta og slaktekvaliteten (muskelfylde, feitheitsgrad , feittfordeling og feittfarge). Dersom lammet oppfyller eit sett spesielle kriterie, så vert det kalla stjernelam, noko som gjev eit ekstra pristillegg for produsenten.
Ullverdien vert bestemt av vekta, typen (crossbreed, spel, pels) og kvaliteten (farge, vegetabilmengd, filting ...).
[endre] Matvarer
Sauekjøtet vert nytta i matvarer som fårepølse, pinnekjøtt, lammelår og fårikål. Det er spesielt lammekjøtet som er attraktivt.