Gråsisik
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gråsisik |
||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Gråsisik |
||||||||||||||
Systematikk | ||||||||||||||
|
||||||||||||||
Vitskapleg namn | ||||||||||||||
''Carduelis flammea'' Linné |
Gråsisik (Carduelis flammea) er ein fugl i finkefamilien. Arten er delt i fire underartar. To av desse, flammea og cabaret, hekkar i Noreg.
Innhaldsliste |
[endre] Utsjånad
Fuglen er liten, 13 cm. Han er gråleg eller brunleg, men er raud på hovudet og har ein svart hakelapp.
[endre] Levemåte
Mange gråsisikar overvintrar i Noreg. Om vinteren dukkar han gjerne opp på foringsplassen. Ein del er trekkfuglar som reiser i oktober-november.
Gråsisik lever av frø, gjerne frå bjørk.
[endre] Hekking
Gråsisik hekkar gjerne i bjørkebeltet. Reiret vert ofte bygd i bjørk, men fuglen brukar òg andre tresortar. Han kan dessutan leggja reiret rett på bakken.
I fjelltrakter skjer egglegginga vanlegvis i juni, men tidspunktet varierer.
Begge dei norske underartane hekkar i lause koloniar.
[endre] Bakgrunnsstoff
Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over biologispirer. |