Großglockner
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Großglockner | ||
---|---|---|
|
||
Høgd over havet | 3 798 m | |
Ligg i/på | Kärnten og Aust-Tyrol i Austerrike | |
Fjellkjede | Hohe Tauern | |
Primærfaktor | 2 423 m | |
Koordinatar | ||
Første gong til topps | 1800 |
Großglockner er eit 3 798 meter høgt fjell, det høgaste i Austerrike og det høgaste fjellet i Alpane aust for Brennerpasset. Fjellet har den nest høgaste primærfaktoren (høgda frå foten av sjøve fjellet til toppen) i Alpane etter Mont Blanc.
Großglockner ligg på grensa mellom delstatane Kärnten og Aust-Tyrol, og er den høgaste toppen i Glocknergruppa, ei gruppe fjell som dannar hovudryggen i fjellkjeden Hohe Tauern. Toppen sjølv ligg på Glocknerryggen, som strekk seg sørover frå hovudryggen. Pasterze, den største isbreen i Austerrike, ligg ved foten av Großglockner.
Den karakteristiske pyramide-forma består faktisk av to tindar, Großglockner og Kleinglockner (3 700 m) (klein = «small» på tysk), og mellom dei ligg eit sadelforma områda kalla Glocknerscharte.
Første gong ein prøvde å nå toppen av Großglockner var i 1799, men det gjekk galt. Sommaren 1800 prøvde ein ny ekspedisjon, organisert av Franz-Xaver Salm-Raifferscheid, Prins-biskop av Gurk: 62 personar, deriblant 47 guidar, tok del. Den gamle hytta Salmhütte, ved 2 750 m vart bygd for spesielt som ly for ekspedisjonen. 28. juli 1800 tok brødrene Martin og Sepp Klotz, i lag med to snekkarar og ein prest frå Dölsach kalla Horasch, seg til topps ved å gå vegen kalla Hohenwartscharte.
Det finns òg ei direkte klatrerute frå Pasterze-isbreen til Glocknerscharte gjennom Pallavicinidalen. Alfred Markgraf Pallavicini var den første til å klatre denne ruta i 1876 med tre guidar frå Heiligenblut.
Den naturskjønne hovudvegen Großglockner-Hochalpenstraße mellom Heiligenblut og Fusch vart bygd ferdig mellom 1930 og 1935, og nådde ei høgd på 2 572 m.
[endre] External links
Datagenerete virtuelle panoramabileter