Gustav Indrebø
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gustav Indrebø (17. november 1889–3. august 1942) var ein norsk språkvitar, filolog, historikar og målmann.
Innhaldsliste |
[endre] Livssoge
Gustav Indrebø var fødd i Samnanger i Midt-Hordland, som son av lærarar. Familien flytte til Jølster i Sunnfjord då Gustav var to år gamal, deretter til Maridalen i Vestre Aker i 1901 der dei vart buande. Gustav Indrebø tok artium som privatist i 1908 på skulen Hauges Minde i Oslo. Etter artium gjekk han lærarskulen og arbeidde nokre år som lærar. Han byrja så å studere ved Universitetet, og tok filologisk embetseksamen i 1917. I åra 1921–1930 arbeidde han som dosent i norrøn filologi ved Universitetet i Oslo, før han i 1930 vart professor i vestnorsk målføregransking ved Bergens Museum. Han døydde brått av sjukdom i 1942. Bror hans var biskop Ragnvald Indrebø.
[endre] Fagleg innsats
Gustav Indrebø gjorde ein innsats på fleire felt. I filologien er arbeidet med "Sverris saga" (1920) og "Gamal norsk homiliebok" (1931) viktig. Som stadnamngranskar skipa han saman med professorane Magnus Olsen og Edvard Bull i 1921 Norsk Stadnamnarkiv, og han var den fyrste leiaren for arkivet. Som statleg namnekonsulent (frå 1921) fekk Indrebø vidare mykje å seie for normeringa av stadnamn. Doktoravhandlinga hans frå 1924 er òg om stadnamn: "Norske innsjønamn. 1. Upplands fylke". Indrebø skreiv dessutan fleire arbeid om språkhistoriske og språkpolitiske emne. Hovudverket "Norsk målsoga" kom ut etter hans død, fyrste gongen i 1951 (redigert av Per Hovda og Per Thorson). I 2001 kom "Norsk målsoga" ut på nytt (redigert av Johan A. Schultze og Oddvar Nes), då med eit tilleggsmateriale som ikkje kom med i 1951-utgåva.
[endre] Målmannen
Gustav Indrebø var målmann, og ein leiande stridsmann for Aasen-lina. Det kom ikkje minst til uttrykk i striden mot rettskrivinga av 1938. Indrebø sat i styret i Noregs Mållagfrå 1928 til han døydde, og var formann 1930-1931. Han var dessutan leiar for Det Norske Samlaget 1923-1929.
Gjennom ei mengd artiklar og talar verka Indrebø som ideologisk førar for dei som la vekt på nasjonale synspunkt i målstriden.
I 1933 vart Indrebø dregen for retten av di han hadde kalla to offentlege tenestemenn i Bergen for «ein skam for standet sitt» av di dei ikkje ville nytte nynorsk i tenesta, jamvel om dei var pliktige til det etter Mållova av 1930. Indrebø vart dømd til å betale 600 kr i bot og 700 kr i sakskostnader, men det var ei utbreidd oppfatning i målrørsla om at Indrebø hadde rett.
[endre] Bakgrunnsstoff
- Edissen, Inger Indrebø. 1993. Gustav Indrebø - ei livsskildring. Bergen: Norsk Bokreidingslag.
- Målstriden som romantikk Om Gustav Indrebø
- Gustav Indrebø i NRK sitt fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
- Gustav Indrebø og hans veg Artikkel av Jostein Krokvik
![]() |
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |