Halvard Hanevold
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Halvard Hanevold (fødd 3. desember 1969 i Askim) er ein norsk skiskyttar. Han er dobbelt verdsmeister og dobbelt olympisk meister i skiskyting.
Hanevold si karriere profitterte på den radikale forynginga av det norske landslaget vinteren 1994. Sjølv om det ikkje vart nokon suksess i OL på Lillehammer bygde lagleiinga vidare på ungdomen, og i 1995 kunne Hanevold feira sin første verdsmeistertittel i den no avskaffa lagkonkurransen (saman med Frode Andresen, Dag Bjørndalen og Jon Åge Tyldum.) Han betra seg stadig, og har sidan 1996 alltid vore mellom dei 30 beste i verdscupen (beste plassering: 4. plass i 2003/04).
Tidleg i 1998 vann han sin første verdscupsiger i Antholz (Anterselva), to månader seinare vann han overraskande gull på 20 km i OL i Nagano, der han på siste runden tok knekken på italienaren Pier Alberto Carrara. Veka etter kom sølvmedaljen på stafetten. Suksess-sesongen vart komplett med gull i lagkonkurransen i VM.
Frå 1998 til 2000 vann Hanevold fem verdscupsigrar til. I OL i Salt Lake City i 2002 vann han på nytt OL-gull med stafettlaget, men den neste individuelle sigeren kom ikkje før i VM i Khanty-Mansijsk i 2003, der han vann gull på 20 km.
I 2003/04-sesongen vann han i to etterfylgjande renn, kom på sigerspallen fem gonger og vann sølv i stafetten i VM. I VM i 2005 vann han på nytt gull på stafetten (saman med Ole Einar Bjørndalen, Stian Eckhoff og Egil Gjelland. I Torino i 2006 deltok han i sitt fjerde vinter-OL, og tok ein sølv- og ein bronsemedalje.
Hanevold er utdanna sivilingeniør.
[endre] Kortfatta merittliste
(pr. 28. februar 2006)
- Verdscupen samanlagt:
- 4. plass (2003/04-sesongen)
- Verdsmeisterskap:
- 4 gull (1 individuelt), 3 sølv, 3 bronse
- Olympiske leikar:
- 2 gull (1 individuelt), 2 sølv, 1 bronse
- Verdscuprenn:
- 9 gull, 9 sølv, 14 bronse