Harald I av Danmark
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Harald I av Danmark (ca. 911–1. november 987), med tilnamnet Blåtann eller Blåtand, var son av Gorm den Gamle og Thyra. Han var konge av Danmark frå 940 og av Noreg frå om lag 970. I 960 innførde han kristendommen i Danmark, og oppretta bispesete i Slesvig, Ribe og Århus.
Harald fekk makta i Noreg ved å setja inn fostersonen Harald II Gråfell som norsk konge om lag 960. Harald Gråfell vart myrda i 970 av Håkon Sigurdsson Jarl, som i 986 vann makta i Noreg ved slaget i Hjørungavåg.
Blåtann utvida i tillegg riket mot sør, men kunne ikkje stogga keisar Otto II av det tysk-romerske riket ved Danevirke i 974. Harald vart drepen under sonen Svend Tveskæg sitt opprør.
Før i kongerekkja: Gorm den Gamle |
Konge av Danmark | Etter i kongerekkja: Svein I av Danmark Håkon Sigurdsson Ladejarl |
Harald II Gråfell | Konge av Noreg |