Hardangerjøkulen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hardangerjøkulen er den sjette største isbreen på det norske fastlandet. Flatevidda er 73 km². Det høgaste punktet på breen er 1863 moh., som er det høgaste punktet i Hordaland fylke.
Brearmen Rembesdalskåka (61º30’N, 7º30’Ø) er ein sør-vestleg del av Hardangerjøkulen. Smeltevatn frå breen renn ned i Rembesdalsvatnet og Simadalen i Hardanger. Vasskraftverket Sima Kraftverk i Eidfjord utnyttar avrenninga frå aust-, sør- og vestsida av Hardangerjøkulen.