Hastings
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hastings er ein by i East Sussex, søraust i England. Han har rundt 84 000 innbyggjarar (2000). Hastings er kjend som ein badeby og slaget ved Hastings i 1066, då Wilhelm Erobraren og normannarane tok over styret av England. Slaget stod eigentleg ved byen Battle i nærleiken. Hasting var ein av Cinque Ports, fem viktige hamnar i mellomalderen, men blei seinare mindre viktig etter. Hovudindustrien har sidan den tid og fram til no vore fiske.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Wilhelm Erobraren brukte byen som base då han steig i land i England. Då slaget ved Hastings var vunne bydge han ei borg her som ein kan sjå på Bayeuxteppet. Den noverande borga i Hastings er truleg bygd på den opphavlege grunnmuren.
I mellomalderen blei Hastings kalla den viktigaste av Cinque Ports, dei fem hamnebyane.
På 1200-talet blei store delar av byen teken av sjøen. Han blei overfalt og brunnen av franskmenn i 1339 og 1377, og gjekk deretter inn i ei nedgangstid. Det at Hastings mangla ei naturleg hamn gjorde ikkje stoda betre. Det blei lagt mange planar om å byggja ei hamn for byen, og i 1897 byrja ein eit prosjekt der ein stor «hamnearm» blei laga i sement. Pengemangel førte til at prosjektet aldri blei fullført, og under andre verdskrigen blei store delar av byggverket sprengd for å hindra tyske styrker i å bruka det til å invadera England.
Utviklinga av det engelske jarnbanenettet og badeturisme gjorde likevel at byen vaks på 1800-talet.
[endre] Kjende folk frå Hastings
- Catherine Cookson, forfattar
- Alistair Crowley, okkultist
- Pierre Teilhard de Chardin, filosof og teolog
- William Hale White, forfattar, også kjend som Mark Rutherford
- Desmond Llewelyn, skodespelar
- Spike Milligan, komikar
- Eugénie de Montijo, fransk keisarinne
- Winifred Wagner, leiar av festivalen i Bayreuth
- Arthur Wellesley, hertug av Wellington