England
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Kongeleg motto: Dieu et mon droit (fransk: Gud og min rett) | |||||
Offisielt språk | Engelsk (i røynda) | ||||
Hovudstad | London | ||||
Flatevidd - Total |
130.395 km² |
||||
Folkesetnad (2001) - Total - Tettleik |
49.138.831 377/km² |
||||
Valuta | Britisk pund | ||||
Tidssone | UTC | ||||
Nasjonalsong | God Save the Queen (i røynda) | ||||
Nasjonalt toppnivådomene | .uk |
England er den største, mest folkerike og tettast folkesette av dei fire nasjonane i Det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland. England ligg søraust på øya Storbritannia, og grensar direkte til Wales og Skottland.
Namnet England kjem frå angelsaksarane, eit av mange germanske folk som kom til øya på 400-talet og 500-talet. Området var på den tida delt i ulike rike. Dei sju som til saman vert omtala som Heptarkiet var dei viktigaste. Samlinga til eitt rike rådde rom på 700-talet og 800-talet. Samlinga er rekna å ha vore fullførd under Alfred den store (regjerte 871–899).
England vert styrd direkte av det britiske parlamentet, og har lenge vore det politiske sentrum i Storbritannia. Hovudstaden i England, London, er òg hovudstaden for heile Storbritannia. Mot slutten av 1900-talet byrja ein prosess mot auka regionalt sjølvstyre i Skottland og Wales, med mellom anna oppretting av regionale parlament.
![]() |
Det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland | ![]() |
England | Skottland | Wales | Nord-Irland |