Helse
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Helse er eit uttrykk for graden av opplevd velvære eller liding og korleis det står til med kroppslege og mentale funksjonar hjå eit individ eller ei gruppe. Ein kan definera helse negativt, som fråver av sjukdom og andre plager, eller positivt, som ein tilstand der ein føler seg vel og opplagt.
Skade- og sjukdomsforebygging er viktig for eit godt liv og ei god helse. Omgrepet helse er ikkje avgrensa til menneske, men i praktisk språkbruk refererer ordet «helse» gjerne til folkehelse, mens ein gjerne brukar spesialomgrepet «husdyrhelse» i samband med veterinærmedisin.
Verdshelseorganisasjonen har definert helse som «ein tilstand av fullkomment legemleg, sjeleleg og sosialt velvære og ikkje bare fråvær av sjukdom eller lyter». Innvendingar mot denne definisjonen er at han har for statisk preg, at han er for passiviserande, og at han har gjort sjukdomsbegrepet vanskeleg å avgrense.
[endre] Sjå au
- Livsstil
- Kosthald og ernæring
- Medisin
- Lækjar
- Alternativ medisin
- Terapi
- Mental helse
- Sjukdom
- Vaksinasjon
- Helserett
- Husdyrhelse
[endre] Bakgrunnsstoff
- fhi.no - Nasjonalt folkehelseinstitutt
- National Institute of Health, USA (engelsk)
- Centers for Disease Control and Prevention, USA (engelsk)
- Verdas helseorganisasjon (engelsk)
Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over medisinspirer. |