Historisk spel
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Historiske spel er eit slag skodespel som hentar handling frå historiske eller mytiske hendingar. Slike spel vert sette upp mange stader i Noreg, er årvisse, gjeng ofte føre seg ute i friluft, og er stelte i stand av lokale eldsjeler, med amatørskodespelarar som spelar saman med profesjonelle, og det heile plar vera halde uppe på dugnad. Forskarene Kari Vaagen og Sigurd Ohrem seier at med historiske spel meinast nyskrevne regionale og lokale teaterstykkje, med eller utan musikk, som tek utgangspunkt i fortida. Tema til dei historiske spela blir henta frå anten myter, segn eller ei kjend historisk hending. Staden der spelet blir oppført har ofte tilknytning til den mytiske hendinga spelet byggjer på, eller har ein meir indirekte historisk relevans. Noregs kulturåd gjer kvart år ein litan pott i stønad til historiske spel, og i reglane heiter det mellom anna: "Det er en forutsetning at spillet er forankret i det lokale og regionale kulturliv med medvirkende fra egen region og at spillet arrangeres med visse faste mellomrom (årlig, hvert annet år eller hvert fjerde år". Det finst meir en 100 aktive spel i Noreg.
Historiske spel vert òg kalla sogespel'. Mange historiske spel hentar handling frå mellomalderen og kristningi av landet.
[endre] Nokre historiske spel:
- Audun Hugleiksonspelet
- Herøyspelet Kongens Ring
- Håkonarspelet
- Kinnaspelet
- Mostraspelet
- Spelet om Heilag Olav
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |