Hjeltefjorden
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hjeltefjorden er ein fjord i Hordaland fylke. Hjeltefjorden er ei viktig seglingslei inn til Bergen.
Frå Fedje i nord til Byfjorden i sør går Hjeltefjorden. I vest er fjorden avgrensa av Øygarden og Sotra. I aust er fjorden avgrensa av mellom anna Radøy, Holsnøy, Herdla og Askøy.
Namnet Hjeltefjorden har samanheng med det gamle norske namnet på Shetland, Hjaltland. Sjøvegen til Hjaltland gjekk gjennom Hjeltefjorden.