Hod
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hod var ein gud i norrøn mytologi som var son av Odin og Frigg. Han var blind, men sterk. Hod drap sin eigen bror Balder ved å skyta han med ei pil av misteltein.
Snorre Sturlason fortel at det var Loke som fekk han til å skjota den elles udøyelege Balder med det einaste som kunne skada han. Gesta Danorum framstiller derimot drapet som del av kampen mellom Hotherus og Balderus for den kongsdottera Nanna, der Hotherus drap Balderus på eiga hand.
Det vert fortalt at Odin og jotna Rind fekk sonen Våle med det føremålet at Våle skulle drepa Hod. Berre ei natt gamal tek Våle livet av Hod. Ein annen versjon er at Våle skulle ta hemn på Loke, av di Odin og Frigg visste at Loke stod bak drapet på Balder.
Balder og Hod forsonar seg med kvarandre i dødsriket Hel. Derifrå vender dei attende etter Ragnarok.
[endre] Namnet Hod
Namnet Hod tyder «krig» eller krigar. På svensk blir han kalla Höder, på islandsk Höður, medan han blei kalla Hǿðr på norrønt.
Hod har gjeve namnet sitt vidare til Hodfeltet, eit gass- og oljefelt sør for Ekofisk i Nordsjøen.