Nordsjøen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
![]() |
Flatevidd: om lag 575 000 km² |
Nordsjøen er eit randhav av Atlanterhavet som ligg innkransa av Noreg og Danmark i aust, Dei britiske øyane i vest og Tyskland, Nederland, Belgia og Frankrike i sør.
Nordsjøen grensar mot Norskehavet i nord og er bunde saman med Atlanterhavet gjennom Den engelske kanalen i sør. I aust formar han bukta Skagerrak mellom dei tre skandinaviske landa, som er forbunde til Austersjøen gjennom Kattegat, Øresund, Storebælt og Lillebælt.
Store elvar som renn inn i Nordsjøen er Elbe i Cuxhaven, Weser i Bremenhaven, Ems i Emden, Rhinen og Meuse i Rotterdam, Schelde i Flushing, Themsen i Southend-on-Sea og Humber i Hull.
Nordsjøen har alltid hatt eit rikt fiske, noko som alle naboane har utnytta i uminnelege tider. Det finst mykje olje og naturgass under havbotnen, noko spesielt Noreg nyt godt av.
Innhaldsliste |
[endre] Nordsjøolje
Det norske oljeeventyret tok til i sekstiåra. Det første feltet med olje, Balderfeltet, blei funne i 1967, og sidan fann ein fleire oljerike felt på norsk territorium. Ekofiskfeltet var det første feltet ein byrja å vinna ut.
[endre] Miljøtruslar
Nordsjøen er eit sterkt pressa havområde, omgjeve som det er av folkerike område med mykje industri, og utsett for intensivt havbruk. Direkte inngrep som fiske har redusert bestanden av fisk i sjøen dramatisk. Indirekte utslepp av organiske miljøgifter og tungmetall kan forgifta Nordsjøen.
Landa som grensar til Nordsjøen har byrja å samarbeida om å redusera skadene. Fleire internasjonale organisasjonar, som Det internasjonale rådet for havforsking og OSPAR, studerer ulike sider ved det som skjer i havet og kjem med råd om kva som bør gjerast. Ein har redusert nokre problem, som utslepp av kloakk og andre miljøgifter. Andre står det att mykje arbeid med.
[endre] Problem i dag
- Overfiske har ført til ein dramatisk minka fiskebestand. Ein fiskebiomasse på 26 millionar tonn frå slutten av attenhundretalet minka til 10 millionar tonn på slutten av nittenhundretalet. Nokre artar, som torsk, er meir trua enn andre
- Botntråling øydelegg havbotnen og drep meir enn bare fisken ein er ute etter.
- Fordi det er mindre fisk i sjøen har sjøfugl mindre næringsgrunnlag, og mange artar har gått kraftig tilbake dei siste åra. Fuglar er òg spesielt utsette for oljeutslepp og miljøgifter.
- Overtilføring av næringssalt på grunn av gjødsling kan føra til oppblomstring av alger som skapar oksygenmangel i havet. Dette er spesielt merkbart i fjordar og ved elvemunningar. Dessverre er det òg ved kystane at mykje av livet i havet held til.
- Framande artar frå andre strok kan ta over områda og maten til gamle artar, noko som verker inn på heile økosystemet.
[endre] Byar som ligg langs Nordsjøen
[endre] Elver som renn ut i Nordsjøen
[endre] Dyreartar i Nordsjøen
[endre] Fisk
- Augepale
- Breiflabb
- Brisling
- Brugde
- Hyse
- Håbrann
- Kveite
- Kviting
- Laks
- Lyr
- Makrell
- Nordsjøsil
- Pigghå
- Piggvar
- Raudspette
- Sei
- Sild
- Taskekrabbe
- Tobis
- Torsk
- Tunfisk (makrellstørje)
- Ål
[endre] Skaldyr
- Blåskjel
- Hummar
- Reker
- Sjøkreps
[endre] Fugl
[endre] Pattedyr
- Nise
- Kobbe
[endre] Bakgrunnsstoff
- Denne artikkelen var utvald og presentert som vekas artikkel på hovudsida i 2005.