Homofili
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Homofili (frå gr. homo + fili («samme» + «elske»), altså elske den same, og da ein av same kjønn) er seksuell dragning mot ein person av sitt eige kjønn.
Omgrepet blei først nytta i ein artikkel i Jahrbuch für sexuelle Zwischenstufen''i Tyskland i 1904, og blei sidan nytta til ein viss grad av dei tyske rørslene for homoseksuelle rettar på 1920-talet. Det var likevel først etter andre verdskrigen at omgrepet fekk eit slags gjennomslag. Det vart då nytta av dei nye homoorganisasjonane som oppsto i dei fleste vestlege landa (til dømes Det norske forbundet av 1948, danna i 1952 etter å ha vore ein avdeling av ein dansk organisasjon frå 1950). Homorørslene som oppsto på 1940- og 1950-talet blir ofte kalla for homofil-rørsler (homophile movements), og det nye omgrepet blei aktivert som ledd i ein politikk for å omdefinera fenomenet frå seksuell perversjon til noko som omhandla kjærleik.
Frå slutten av 60-talet vart desse rørslene og den generasjonen som starta dei, kritiserte for å vera for diskrete og forsiktige, og eit ledd i dette var å mobilisera nye omgrep som gay og lesbian, på norsk «homsar» og «lesber». I den grad «homophile» hadde fått noko gjennomslag i engelsk og amerikansk, overtok «homosexual», «gay» og «lesbian» denne plassen frå slutten av 1960-talet.
«Homofili» blei første gong nytta på norsk i ein brosjyre av den norske avdelinga av det danske «Forbundet af 1948» i 1951. Norge er eit av dei få (det einaste?) landet der dette omgrepet framleis har stor utbreiing.