Hradec Králové
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Elva Elbe i Hradec Králové | |||||
|
|||||
Lokalisering | |||||
---|---|---|---|---|---|
Styresmakter | |||||
Land Kraj |
Tsjekkia Hradec Králové kraj |
||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
105,6 km² |
||||
Innbyggjarar - By (2004) |
95 195 |
||||
Koordinatar | 50°12′″N, 15°15′″E | ||||
Høgd over havet | 235 m | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Heimeside: www.hradeckralove.org |
Hradec Králové (tysk Königgrätz) er ein by i Hradec Králové kraj i Böhmen i Tsjekkia ved elva Elbe (Labe på tsjekkisk). Økonomien i byen er basert på levnetsmiddelindustri, og fotokjemi og elektronikk industriar. I tillegg vert det produsert musikkinstrument i byen, mest kjend er pianomerket PETROF. Byen har eit univsersitet, og Karlsuniversitet i Praha har ein medisinsk avdeling her.
Byen er kjend for Slaget ved Königgrätz den 3. juli 1866, et slag i den preussisk-austerrikske krigen.
[endre] Historie
Hradec Králové er ein av dei eldste busetnadane i Tsjekkia. Byen hadde festning alt i 1062, og katedralen i byen vart bygd i 1303.
Hradec Králové heitte opphavlet berre Hradec (slottet), Králové (dronningens) vart seinare lagt til då byen dronning Elisabeth fekk byen av kong Wenceslaus II.
Byen var sentral under Hussittkrigane, då han var med på opprørarane si side.
Tredveårskrigen førte til at den protestantiske folkesetnaden vart jaga frå byen etter slaget ved Bílá hora i 1620. I 1639 vart byen omleira av svenskane i åtte månadar.
Under Josef II si regjeringstid vart mange av kyrkjene i byen rive ned for å gjere plass til festningsverk. Disse festningsverka sto heilt til 1884.
[endre] Kjende personar frå Hradec Králové
- Karl Freiherr von Rokitansky (1804 - 1887), austerriksk pateolog, politikar og filosof.
- Václav Vladivoj Tomek (1818 - 1905), tsjekkisk historikar
- Zuzana Navarová (1959 - 2004), tsjekkisk songerinne og komponist