Inge Krokann
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Inge Krokann, fødd i Oppdal i 1893 og død i Gausdal i 1962, var ein norsk forfattar. Han skreiv for det meste på nynorsk, med sterke innslag av oppdalsmål. Han er mest kjend for romanen I Dovre Sno under mellomalderen, der striden mellom kristelege impulsar utanfrå og naturkreftane opptek Lo-slekta i Oppdal. Det har vore sagt at forteljinga bygg på muntlege overleveringar om Krokanns egen slekt i Oppdalstraktane.
Han er elles kjend for å ha lansert nemninga det store hamskiftet i bondesamfunnet, eller berre hamskiftet - i artikkelen det store hamskiftet i bondesamfunnet frå 1942 drøfta Krokann omlegginga innan jordbruket i Noreg på 1800-talet frå sjølvberging (naturalhushald til meir pengehushald.
Krokann var utdanna lærar, men var ufør mykje av livet hans.
Eg er berre ei spire med tankar få eg veks berre til om du fyller på |
Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide denne spira.. | |
Oversyn over litteraturspirer. |