Institutt for energiteknikk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Institutt for energiteknikk (IFE) er eit forskingsinstitutt med aktivitet innanfor fagområda energiteknologi, miljøteknologi og nukleærteknologi. IFE vart etablert som ei stifting i 1948, har ei omsetnad på ca. 460 mill. kr. i året (2004) med 518 fast tilsette på Kjeller og i Halden. Organisasjonen har sektorane «Sikkerhet Mennske- Teknologi- og Organisasjon (Sikkerhet-MTO)», «Petroleumsteknologi», «Nukleær sikkerhet og pålitelighet», «Nukleærteknologi» og «Energi-, Miljøteknologi og Fysikk».
IFE er kanskje mest kjent for drifting av dei to atomreaktorane som finst i Noreg. I 1951 bygde dei ein forskingsreaktor på Kjeller som vert nytta som kjelde for nøytronstråling. Sjølve reaktoren vart bytta ut med ein ny i 1967. IFE er òg ansvarleg for Haldenreaktoren og IFE er med i det største internasjonale forskingsprosjektet i Noreg, Haldenprosjektet som gjer bruk av Haldenreaktoren.