Isoplett
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein isoplett er ei linje på eit meteorologisk plott som bind saman punkt som har same verdi av ein variabel på eit visst tidspunkt. Desse variablne kan vere trykk, temperatur, vindfart osv. Isoplettar gjer det lettare å visualisere meteorologiske felt. Dei vanlegaste isoplettane er:
Isobar: linje med likt eller konstant trykk.
Isobront: ein linje mellom to geografiske punkt som har same torevêrsaktivitet på same tid.
Isodrosoterm: ei linje med konstant doggpunkttemperatur
Isogon: ei linje med konstant retning av ein vektorstorleik (vanlegvis brukt for å skildre vindretningsfelt)
Isohøgd: ei linje med konstant geopotensiell høgd. Ofte blir dei berre kalla «høgdekotar»
Isohum: ei linje med konstant fukt.
Isohyet: ei linje med same nedbørsmengd i løpet av ein tidsperiode.
Isohypse: same som isohøgd
Isotach: linje med konstant vindfart.
Isoterm: ei linje med konstant temperatur.