Jødisk marathi
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jødisk marathi eller judeomarathi er ei form av marathi som blir tala av bene Israel, ei jødisk folkegruppe i India. Jødisk marathi skil seg generelt ikkje så mykje ut frå annan marathi at ein reknar det som eit sjølvstendig språk. I sjølve ordforrådet er det mange lånord frå hebraisk og arameisk og — etter innflytnad frå cochinijødane i Kerala — jødisk malayalam og portugisisk.
[endre] Kjelder
Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over språkspirer. |