Jørgen Kosmo
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jørgen Hårek Kosmo (fødd 5. desember 1947 i Fauske i Nordland fylke) er ein norsk politikar (Ap) og tidlegare stortingspresident.
Han er opphavleg anleggsarbeidar og dreiv lenge med fagforeningsarbeid. Frå 1979 til 1985 sat Kosmo i kommunestyret i Horten, dei siste to åra som formann i kommunestyret. Frå 1985 til 2005 har han vore vald inn på Stortinget som Arbeidarpartiet sin representant for Vestfold fylke.
Jørgen Kosmo var forsvarsminister frå 1993 til 1997 og statsråd i Arbeids-og administrasjonsdepartementet frå 2000 til 2001. Då han gjekk av som statsråd vart han vald til stortingspresident. Han sat i dette embetet fram til Thorbjørn Jagland vart stortingspresident i oktober 2005.
I juli 2004 vart Kosmo utnemnd til fylkesmann for Telemark etter Solveig Sollie, men kunne ikkje tiltre stillinga medan han sat på Stortinget. Hausten 2005 vart han utnemnd til riksrevisor.
Føregjengar: Johan Jørgen Holst |
Norsk forsvarsminister |
Etterfylgjar: Dag Jostein Fjærvoll |
Føregjengar: Laila Dåvøy |
Norsk arbeids- og administrasjonsminister |
Etterfylgjar: Victor Norman |
Føregjengar: Kirsti Kolle Grøndahl |
Stortingspresident |
Etterfylgjar: Thorbjørn Jagland |