Jørn Utzon
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jørn Utzon (f. 1918) er ein dansk arkitekt som er mest kjend for Sydneys hovudlandemerke, Operahuset.
Utzon utdanna seg til arkitekt på kunstakademiet i København, der han gjekk ut i 1942. Han drog til det nøytrale landet Sverige og sidan til Finland, der han arbeidde for den kjende finske formgjevaren Alvar Aalto. I tillegg til Gunnar Asplund og Frank Lloyd Wright hadde Aalto stor innverknad på verka hans.
Då krigen var slutt drog Utzon tilbake til Danmark med familien, og starta sitt eige arkitektkontor. Han byrja å reise mykje, i Nord-Amerika og Asia (Kina, Japan og India). I 1947 arbeidde han nokre månader i Marokko, der den islamske arkitekturen fekk mykje å sei for utviklinga hans.
Utzon var fortsatt ein ukjend arkitekt då han vann konkurransen om å byggja eit operahus i Sydney. Han flytta til byen i 1962 for å kunne følga arbeidet på nært hald, men etter eit regjeringsskifte i delstaten New South Wales fekk han ikkje betaling lenger. Han forlot landet og prosjektet i 1966, utan å ha fått fullført interiøret. Sidan vart bygget omarbeidd og fullført av Peter Hall, David Littlemore og Lionel Todd. Operaen vart offisielt åpna av dronning Elizabeth II den 23. oktober 1973.
Frå 1985 byrja sønene Jan og Kim å samarbeida med faren, og etter at Jørn Utzon trekte seg tilbake har dei drive firmaet Utzon Architects vidare. Dei fekk mellom anna oppdraget med å overvaka restaureringa av Operahuset i Sydney, særleg interiøret.
[endre] Andre verk av Utzon:
- Sitt eige hus i Hellebæk, 1952
- Romarhusa i Helsingør, 1958
- Fredensborghusa, 1962
- Silkeborg Museum, 1963
- Teater i Zürich i Sveits, 1964
- Farum bysenter, 1966
- Sportsstadion i Jeddah i Saudi-Arabia, 1967
- Parlamentsbygningen i Kuwait, 1972 (Bilete)
- Bagsværd kyrkje, 1976 (Bilete)
- Paustians Hus ved hamna i Københavns, 1986
- Musikkhuset i Esbjerg saman med sonen Jan Utzon.
[endre] På verdsveven
[endre] Film
- The Edge of the Possible, 58 minute documentary, 1998, Dir: Daryl Dellora, Film Art Doco Pty Ltd